...er det på tide å prøve å få liv i bloggen igjen. Ein av grunnane til pausen er denne gjengen her.
Alle borneborna var samla her frå 6 juli til 10 august. Kjekt å ha alle samla så lenge.
Bildet er teke på Hannah sin dåpsdag 7 august.
Om bloggen har fått kvile ei stund så har ikkje strikkepinnane gjort det. Har strikka litt heile tida.
Klarar ikkje å slutte med desse Nepalteppa og i sommar har det blitt strikka 5 til.
Brukar det eg har av restar , men hovudfargen i kvart teppe må eg kjøpe.
Og som "vanleg" så strikkar eg sokkar om sommaren. Enkelt og greit å ha med seg i bilen og så har eg alltid liggande fleire sokkestrikk rundt omkring i huset om eg skulle ha litt ledig tid.
10 par i herrestørrelse.
Og to par i damestørrelse.
Hanna trengte litt sokkar og desse var det fort gjort å strikke på pinnar nr 3.
11 kommentarer:
Oi, du har virkelig vært produktiv i sommer!
Imponert!!
Kjekt med alle samla. Kjekt når dei kjem, men likvel litt godt når dei fer....Likevel med så mange i huset, så har du vore produktiv. Mange fine tepper som kjem til å varme små folk lang vekke.
Imponert...igjen!!
Fy søren kor flittig og produktiv du er.
Flott gjeng!!!
Teppa dine er verkeleg praktfulle :) All ære til produktive deg!
Koslig å ha deg tilbake, det er litt godt å ha en blogg pause iblandt også :) Så mye fint du har laget!
Ha en fin kveld, klem.
Så mye fint du har strikket. Nydelige tepper. Ha en fin kveld!
For en produktivitet! Flotte tepper.
Jeg skjønner godt at blogginga kom i annen rekke med en så flott gjeng med unger på besøk. Du har vært heldig som har fått ha dem så lenge.
Men du verden som pinnene dine har gått i sommer - jeg blir målløs. Flotte tepper og sokker blir det jo aldri nok av.
Ønsker deg en fin dag videre:-)
For noen søte barnebarn,skjønner godt at de blir prioritert foran blogging. Og så mye flott du har laget,imponert.
Ha en fin dag.
Så mye strikk med denne herlige gjengen i hus. Jammen er du flittig!
Du har hatt ein effektiv sommar! Grådig mykje fint fu lagar! Er det mulig å spore opp ei oppskrift til dei babysokkane du lagar? Tenkte eg skulle strikke nokon slike :)
Legg inn en kommentar