søndag 5. april 2009

PÅSKE !

Påskepynten min kom ikkje fram før i dag.I går var det kjempeflott veir så då var det hagearbeid heile dagen.I dag er tilbake til det vanlege veiret :Regn,vind og 5 grader. I påska i fjor var vi i Praha og då kjøpte eg 10 påskeegg.Desse 4 er hekla og stiva. Og 6 stk som er måla.


Kyllinggjengen står på sin faste plass på spisebordet.











fredag 3. april 2009

VÅR !!!!

Ja no trur eg våren er komen her og. I kveld sat vi ute til kl. 9 men då var det "berre" 6 grader ute så då vart det litt for kaldt sjølv om eg hadde termodress. Påskeliljene er såvidt komt opp.
Noken snøklokker har vore framme nokre dagar.
Og noken av løkane som eg planta ut i haust er komt opp.Dei ser litt pjuskete ut men stakkarane fekk vel sjokk når dei vart sette ut seint på hausten i iskald jord med 10 cm snø oppå.Eg trudde ikkje dei kom til å komme igjen for mange av dei spirte når eg planta dei ut men jammen har dei overlevd vinteren.
I mårå er det meldt fint veir så då skal eg vere ute heile dagen.Vi har noken hageplanar på gang men dei forandrar seg heile tida så vi får sjå kor det endar.





onsdag 1. april 2009

Mønster til nåleputer

Her kjem mønsteret . Kan ikkje hugse kva for ein blogg eg fann det i så eg skrive det sånn som eg laga dei.

hekle 6 lufmasker og sett sammen til ein ring.
1 omg: hekle 12 fastmasker i ringen.
2 omg:hekle 2 fastm i førstefastm,1 fast maske i andre fastm,2 fastm i tredje fastm.Hekle sånn omg rundt.
No er rundingen delt inn i 6 "felt".Fortset og auk i dei samme maskene på kvar omg til rundingen er passeleg stor. Lag ein til og hekle dei sammen med fastmasker.

tirsdag 31. mars 2009

Søte nåleputer

For nokre dagar sia kom eg over ei oppskrift på nåleputer som eg tykte var så fine.Og så er det vel sånn at når ein ser noko ein likar så må det berre prøvast.Desse er hekla i bomull men det går sikkert like bra med ulltråd.Og så er det ein fin måte å få brukt litt restar.





















søndag 29. mars 2009

Flått i mars?

Eg trudde ikkje det var liv i flåtten so tidleg på våren , men der tok eg feil.Fredag oppdaga vi at eine katten hadde ein .Det som er like rart er at denne katten har ikkje vore ute av huset på mange veker, så kanskje flåtten har vore på ein av dei andre kattane som er ute om natta og så flytta over på denne etter at den kom inn.Grunnen til at denne katten er inne kan du lese om her






lørdag 28. mars 2009

Ein dag i skogen

I lenger tid no har vi planlagt å ta ein dag i skogen og bygge oss ein gapahuk. I dag var veiret ganske bra sjølv om det ikkje var sol. Vi pakka sekkane fulle av pølser,kakao ,brus ,kaffi, hammar ,spikar ja alt vi hadde bruk for og la i vei. Her er ein del av gjengen nesten komt fram.


Framme på plassen var det fram med kaffien og så begynde å planlegge .

Endå meir planlegging.


Så vart noken tre saga ned for å ha noke å bygge av.


Alle mann i arbeid (iallfall nesten alle). Eg var sjølvutnemt bålsjef og stod for det meste og passa på at det ikkje slokna.



Etter noken timars arbeid var alle svoltne så då vart det grilling av pølser. Og det var ikkje få pølser som vart grilla på dette bålet .

Oliver bar ved og la på bålet.

Så langt kom vi i dag og vi må nok bruke noken dagar til før vi har fått det sånn som vi vil ha det. Trur alle tykte det var ein fin dag bortsett frå at det måtte selvfølgeleg begynde å snø!!!!!!!

Og no er det heilt kvitt ute igjen.













tirsdag 24. mars 2009

Det er visst håp likevel...

.... om at det snart er vår. I dag skin sola og fuglane syng(det gjorde dei forresten søndag og i snødrevet.Eg har vore litt spent på om løkane som eg planta seint i haust kom til å overleve sia mange av dei var begynt å spire når eg planta dei.I dag fann eg iallfall ein som det er liv i så er det berre å håpe at resten og kjem.

Det er vel snart på tide å så frø og. Må visst stad å få tak i litt meir for det er no litt stussleg med berre denne !