3 par Raggsokkar. Ikkje så mykje å seie om dei.
Desse blir nok jule eller bursdagsgåver.


Eit par av restar. Det fleirfarga er Labbetuss og det rosa er Silja.
Eit par til i Silja og desse og blir nok presang ein gong.
Eit teppe som skal til Nepal. Hadde noken nøster som eg har flytta frå den eine korga til den andre lenge. Fann ut at no er eg lei av dei så eg må bruke dei og strikka dette teppet. Litt triste fargar men eg fikk brukt opp det meste. Har eit svart nøste igjen og det skal eg nok få brukt ein gong. Teppet er ca 1x1m.
Dette teppet var og tenkt til Nepal men sidan eg har eindel av den raude fargen som er rundt alle rutene så lurer eg på om eg skal lage det større og ha det sjølv.Kunne nok passa på hytta.
Hmm..må tenkje litt på det. Sånn som teppet er no er det ca 1x1m.
Teppet er hekla i berre ullgarn. Det raude er noko eg kjøpte då eit gammalt garnutsalg (som ikkje hadde vore ope på mange år) skulle selje ut alt for huset skulle seljast. Mykje billeg garn og eg anar ikkje kor mange kilo eg kjøpte men det vart mange bossekkar.
Endå eit teppe som eg hadde tenkt skulle sendast til Nepal , men som eg alt har bestemt at eg skal bli større og bli mitt. Det blå er samme garnet som det raude over og eg har eindel meir av det.