lørdag 13. mars 2010

Sokkar til ei søster.

Sidan eg var så heldig å få eit hefte med Selbustrikkemønster så lovde eg at det første paret med sokkar som eg strikka frå det hefte skullle ho få. No er dei ferdige og fargane har ho bestemt sjølv.Strikka i Silja , det beste garnet eg veit om til sokkar.Akkurat passeleg tjukt og mange fargar å velje mellom.Litt rart bilde ,men eg kan love dokke at det er ikkje så enkelt å ta bilde av sine eigne føter. Berre prøv !!!
Desse her har vore ferdige lenge ,men har ikkje vore tekne bilde av før i dag.
Så må eg fortelje noko som hende i dag : Posten kom og køyrde opp til huset og tuta. Eg trudde den kom med ein pakke som eg venta på men postdama hadde vore inne på bloggen min og sett eit par sokkar som ho likte så godt (dei brune og rosa litt lenger nede)og lurte på kor ho kunne få tak i mønsteret.Ho fekk ein kopi for det stod i Familien nr 1 i år.Det er og å finne i Drops sine gratismønster.


9 kommentarer:

Cloudberry sa...

Det røde/hvite paret er utrolig flott! Fint å se selbu mønster i noe annet enn kun svart/hvit :)

Orlaug sa...

Kjempefine sokkar!
Og sidan eg er den einaste søstra du har.....so veit eg........
Trur eg må kjøpe meg ei kort bukse.....so eg riktig kan få vise dei fram!

♥ Gamleheksa ♥ sa...

du er jo bare fantastisk med strikkepinnene. Og så rask. Jeg bøyer meg i støvet av beundring. Jeg skjønner Postdama godt ;) Alle kan bli fristet av å se så mye flott.

Rosa sa...

det er verkelege stas-sokkar du driv med! knallfine!

Linda sa...

So fine sokkar du har strikka til syster di då. Den boka du fekk den har eg og, og det er masse fint i den. Ha ein fin søndag.

Linda sa...

Du er no flink til å ta bilde av egne bein du, eg slit stadig med same problemet.. korleis ta bilde av segsjølv! ikkje alltid like lett utan frivillige medhjelparar..

Sokkane er flotte, det er det ikkje tvil om!!

Sidselsidserk sa...

Det var flotte sokker - heldig søster:-)

Beate sa...

Så flotte sokker du strikker!!

Jorunn sa...

Oi,så flotte strømper.Strikker du på bestilling,i såfall hva tar du? Masse flott ,jeg må se mer i bloggen din:)